Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 24:16-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Jenta var overlag vakker, ei jomfru som ingen mann hadde vore nær. Ho gjekk ned til kjelda, fylte krukka og kom opp att.

17. Då sprang tenaren imot henne og sa: «Lat meg få drikka litt vatn frå krukka di!»

18. Ho svara: «Drikk, herre!» Straks lyfte ho krukka ned på armen og gav han å drikka.

19. Ho lét han drikka ferdig, og så sa ho: «Eg vil dra opp vatn til kamelane dine òg, heilt til dei har drukke seg utørste.»

20. Ho skunda seg og tømde krukka i vasstrauet. Så sprang ho bort til brønnen for å dra opp vatn. Og ho drog opp vatn til alle kamelane hans.

21. Mannen såg på henne utan å seia noko. No skulle han få vita om Herren hadde late reisa hans lukkast eller ikkje.

22. Då kamelane var ferdige med å drikka, tok mannen fram ein gullring til henne, han vog ein halv sjekel, og to armband av gull, dei vog ti sjekel.

23. Så sa han: «Fortel meg no kven du er dotter til! Er det husrom hos far din, så vi kan overnatta der?»

24. Ho svara: «Eg er dotter til Betuel, son til Milka og Nahor.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 24