Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 24:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Abraham var no gammal og langt oppi åra, og Herren hadde velsigna han på alle vis.

2. Då sa Abraham til den eldste tenaren i huset, han som styrte over alt han eigde: «Legg handa di i fanget mitt,

3. så vil eg ta deg i eid ved Herren, Gud over himmel og jord, på at du ikkje skal ta ei kone til son min blant døtrene til kanaanearane som bur omkring meg,

4. men at du skal dra til mitt land og mi slekt og henta ei kone til Isak, son min.»

5. Tenaren sa til han: «Kan henda kvinna ikkje vil følgja med meg hit til dette landet. Skal eg då ta son din med tilbake til det landet som du drog ut frå?»

6. Abraham svara: «Pass på at du aldri fører son min dit att!

7. Herren, Gud i himmelen, tok meg bort frå farshuset og fedrelandet mitt, og han tala til meg og svor på å gje ætta mi dette landet. Han skal senda sin engel framfor deg så du kan henta ei kone til son min der.

8. Men vil ikkje kvinna følgja deg, skal du vera løyst frå eiden. Ta berre ikkje son min tilbake dit!»

9. Då la tenaren handa si i fanget til Abraham, herren sin, og lova han dette med eid.

10. Så tok tenaren ti av kamelane til herren sin og drog av stad med alle slag kostelege saker. Han gav seg i veg til aramearlandet mellom elvane, til byen der Nahor budde.

11. Han lét kamelane leggja seg ned ved ein brønn utanfor byen. Det var i kveldinga, på den tida kvinnene plar gå ut for å henta vatn.

12. Så sa han: «Herre, du som er Gud for Abraham, herren min, lat det lukkast for meg i dag, og syn at du er god mot Abraham, herren min!

13. Sjå, her står eg ved vasskjelda medan døtrene frå byen kjem for å dra opp vatn.

14. Lat det gå slik at når eg seier til ei jente: Rekk meg krukka di så eg kan drikka, og ho svarar: Berre drikk, du, og kamelane dine vil eg òg gje å drikka, då er det henne du har valt ut for tenaren din, Isak. På det skal eg skjøna at du har vore god mot herren min.»

15. Og sjå, før han var ferdig med å be, kom Rebekka, dotter til Betuel, son til Milka, som var gift med Nahor, bror til Abraham. Ho kom ut med krukka si på aksla.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 24