Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 23:9-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. så han lèt meg få Makpela-hòla, som høyrer han til og ligg i utkanten av marka hans. Han skal få full pris om han lèt meg kjøpa jordstykket til gravstad hos dykk.»

10. No sat Efron der mellom hetittane, og han svara Abraham så dei høyrde det, alle hetittane som var komne til byporten:

11. «Nei, herre, høyr på meg! Eg gjev deg marka, og hòla som er der, gjev eg deg òg. For auga på folket mitt lèt eg deg få det. Gravlegg du den døde!»

12. Då bøygde Abraham seg for folket i landet

13. og sa til Efron så folket høyrde det: «Berre du ville høyra på meg! Ta imot pengane eg vil gje deg for marka! Så kan eg gravleggja den døde der.»

14. Efron svara Abraham:

15. «Herre, høyr på meg! Eit jordstykke som er verdt 400 sjekel sølv, kva er det mellom deg og meg? Gravlegg du den døde!»

16. Abraham skjøna kva Efron meinte, og vog opp til han det sølvet han hadde nemnt for hetittane, 400 sjekel, av det slaget dei bruker i handel.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 23