Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 23:11-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. «Nei, herre, høyr på meg! Eg gjev deg marka, og hòla som er der, gjev eg deg òg. For auga på folket mitt lèt eg deg få det. Gravlegg du den døde!»

12. Då bøygde Abraham seg for folket i landet

13. og sa til Efron så folket høyrde det: «Berre du ville høyra på meg! Ta imot pengane eg vil gje deg for marka! Så kan eg gravleggja den døde der.»

14. Efron svara Abraham:

15. «Herre, høyr på meg! Eit jordstykke som er verdt 400 sjekel sølv, kva er det mellom deg og meg? Gravlegg du den døde!»

16. Abraham skjøna kva Efron meinte, og vog opp til han det sølvet han hadde nemnt for hetittane, 400 sjekel, av det slaget dei bruker i handel.

17. Det vart stadfest at Efrons mark, som ligg ved Makpela, aust for Mamre, både jordet og hòla og alle trea på jordet, så langt det rakk,

18. skulle høyra Abraham til som hans eigedom. Dette hende for auga på alle hetittane som var komne til byporten.

19. Etter dette gravla Abraham Sara, kona si, i hòla på Makpela-marka aust for Mamre, det er Hebron, i Kanaan.

20. Såleis vart det stadfest at marka og hòla der skulle høyra Abraham til som gravstad, kjøpt frå hetittane.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 23