Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 23:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sara vart 127 år gammal; så lenge levde ho.

2. Sara døydde i Kirjat-Arba, det er Hebron i Kanaan, og Abraham kom for å sørgja og gråta over henne.

3. Så reiste han seg, gjekk bort frå den døde og sa til hetittane:

4. «Eg er innflyttar og framand blant dykk. Lat meg få kjøpa eit stykke jord hos dykk til gravstad, så eg kan bera ut henne som er død, og gravleggja henne.»

5. Hetittane svara Abraham:

6. «Høyr på oss, herre! Du er ein Guds hovding mellom oss. Legg den døde i den beste av gravstadene våre. Ingen av oss skal nekta deg gravstaden sin når du skal gravleggja den døde.»

7. Då reiste Abraham seg og bøygde seg for hetittane, folket i landet.

8. Han sa til dei: «Er det dykkar vilje at eg ber ut henne som er død, og gravlegg henne, så høyr på meg! Legg inn eit godt ord for meg hos Efron, son til Sohar,

Les hele kapitlet 1. Mosebok 23