Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 22:8-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Abraham svara: «Gud vil sjølv sjå seg ut eit brennofferlam, son min.» Og så gjekk dei saman, dei to.

9. Då dei kom til den staden Gud hadde sagt, bygde Abraham eit altar der og la veden til rette. Så batt han Isak, son sin, og la han på altaret, oppå veden.

10. Og Abraham rette ut handa og tok kniven for å slakta son sin.

11. Men Herrens engel ropa til han frå himmelen og sa: «Abraham, Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg!»

12. Han sa: «Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du fryktar Gud, sidan du ikkje sparte din einaste son for meg.»

13. Då Abraham såg opp, fekk han auge på ein vêr som hang fast etter horna i eit kratt rett bak han. Abraham gjekk bort, tok vêren og ofra han som brennoffer i staden for son sin.

14. Abraham kalla den staden «Herren ser». Den dag i dag seier dei: «På fjellet der Herren lèt seg sjå.»

15. Då ropa Herrens engel til Abraham frå himmelen for andre gong

16. og sa: «Eg sver ved meg sjølv, seier Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte din einaste son,

17. vil eg velsigna deg rikt og gjera ætta di talrik som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand. Di ætt skal ta fiendens portar.

18. Ved di ætt skal alle folkeslag på jorda velsigna seg fordi du høyrde på meg.»

19. Så gjekk Abraham tilbake til tenestegutane sine. Dei drog av stad saman med han til Beer-Sjeba. Og Abraham vart buande der.

20. Ei tid etter at dette hadde hendt, vart det meldt til Abraham: Sjå, Milka òg har fødd søner til bror din, Nahor:

21. Us, den førstefødde, Bus, bror hans, Kemuel, far til Aram,

22. Kesed, Haso, Pildasj, Jidlaf og Betuel.

23. Betuel vart far til Rebekka. Desse åtte fødde Milka til Nahor, bror til Abraham.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 22