Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 22:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ei tid etter at dette hadde hendt, sette Gud Abraham på prøve. Han sa til han: «Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg.»

2. Då sa han: «Ta son din, den einaste, Isak, han som du elskar, og dra til landet Moria! Der skal du ofra han som brennoffer på eit av fjella, det som eg seier deg.»

3. Tidleg neste morgon stod Abraham opp, leste på eselet sitt og tok med seg to av tenestegutane sine og Isak, son sin. Han kløyvde ved til brennofferet, og så gav han seg i veg til den staden Gud hadde sagt.

4. Tredje dagen såg Abraham opp og fekk auge på staden i det fjerne.

5. Då sa Abraham til tenestegutane: «Ver her med eselet. Eg og guten vil gå bort dit og tilbe, og så kjem vi tilbake til dykk.»

6. Abraham tok offerveden og la han på Isak, son sin. Sjølv tok han elden og kniven i handa, og så gjekk dei saman, dei to.

7. Då sa Isak til Abraham, far sin: «Du far!» Og han svara: «Ja, son min.» Han sa: «Sjå, her er elden og veden, men kvar er brennofferlammet?»

8. Abraham svara: «Gud vil sjølv sjå seg ut eit brennofferlam, son min.» Og så gjekk dei saman, dei to.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 22