Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 21:6-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Då sa Sara: «Gud har fått meg til å le. Og alle som høyrer dette, kjem til å le med meg.»

7. Og ho sa: «Kven skulle vel sagt til Abraham at Sara skulle få barn å amma! Og så har eg fødd han ein son på hans gamle dagar.»

8. Barnet voks opp og vart avvant. Abraham heldt eit stort festmåltid den dagen Isak vart avvand.

9. Men Sara såg at sonen som Hagar frå Egypt hadde fødd til Abraham, leika og lo.

10. Då sa ho til Abraham: «Driv bort denne slavekvinna og son hennar! For son til denne slavekvinna skal ikkje arva saman med Isak, son min.»

11. Abraham tok dette svært tungt, for det gjaldt son hans.

12. Men Gud sa til Abraham: «Ikkje ta det så tungt, dette med guten og tenestekvinna. Du skal høyra på alt det Sara seier til deg. For gjennom Isak skal du få ei ætt som skal kallast di.

13. Men sonen til slavekvinna vil eg òg gjera til eit folkeslag, for han er ditt barn.»

14. Morgonen etter stod Abraham tidleg opp, tok brød og ein skinnsekk med vatn og la det på akslene til Hagar, og sende henne og barnet frå seg. Ho villa seg bort i ørkenen ved Beer-Sjeba.

15. Då vatnet i skinnsekken tok slutt, la ho barnet frå seg under ein av buskane.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 21