Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 21:18-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Reis deg, hjelp guten opp og hald han fast i handa! For eg vil gjera han til eit stort folkeslag.»

19. Så opna Gud auga hennar, og ho fekk sjå ein brønn med vatn. Ho gjekk og fylte skinnsekken med vatn og lét guten drikka.

20. Gud var med guten, og han voks til. Han budde i ørkenen og vart bogeskyttar.

21. Han budde i Paran-ørkenen, og mor hans skaffa han ei kone frå Egypt.

22. På den tida sa Abimelek og Pikol, hærføraren hans, til Abraham: «Gud er med deg i alt du gjer.

23. Sver no ved Gud at du ikkje vil handla svikefullt mot meg eller mot borna og etterkomarane mine! Som eg har vore god mot deg, skal du vera god mot meg og det landet du har fått bu i som innflyttar.»

24. Abraham svara: «Ja, eg sver.»

25. Abraham kom med klagemål mot Abimelek på grunn av ein brønn som tenarane til Abimelek hadde teke.

26. Men Abimelek sa: «Eg veit ikkje kven som har gjort dette. Du har ikkje fortalt meg om det, og eg har heller ikkje høyrt om det før i dag.»

27. Då tok Abraham småfe og storfe og gav Abimelek, og dei gjorde ei pakt med kvarandre.

28. Men Abraham sette sju holam for seg sjølve.

29. Då sa Abimelek til han: «Kvifor har du sett desse sju lamma for seg sjølve?»

30. Han svara: «Desse sju lamma skal du ta imot av meg som vitnemål om at eg har grave denne brønnen.»

31. Difor vart staden kalla Beer-Sjeba; for der svor dei begge ein eid.

32. Slik gjorde dei ei pakt i Beer-Sjeba. Så tok dei ut, Abimelek og Pikol, hærføraren hans, og dei drog tilbake til filistarlandet.

33. Abraham planta ein tamarisk i Beer-Sjeba, og der kalla han på namnet til Herren, Den evige Gud.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 21