Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 21:16-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Så gjekk ho og sette seg om lag eit bogeskot lenger borte. For ho tenkte: «Eg kan ikkje sjå på at barnet døyr.» Medan ho sat der, tok ho til å gråta høgt.

17. Gud høyrde røysta til guten. Og Guds engel ropa til Hagar frå himmelen og sa: «Kva er det med deg, Hagar? Ver ikkje redd! For Gud har høyrt røysta til guten der han ligg.

18. Reis deg, hjelp guten opp og hald han fast i handa! For eg vil gjera han til eit stort folkeslag.»

19. Så opna Gud auga hennar, og ho fekk sjå ein brønn med vatn. Ho gjekk og fylte skinnsekken med vatn og lét guten drikka.

20. Gud var med guten, og han voks til. Han budde i ørkenen og vart bogeskyttar.

21. Han budde i Paran-ørkenen, og mor hans skaffa han ei kone frå Egypt.

22. På den tida sa Abimelek og Pikol, hærføraren hans, til Abraham: «Gud er med deg i alt du gjer.

23. Sver no ved Gud at du ikkje vil handla svikefullt mot meg eller mot borna og etterkomarane mine! Som eg har vore god mot deg, skal du vera god mot meg og det landet du har fått bu i som innflyttar.»

24. Abraham svara: «Ja, eg sver.»

25. Abraham kom med klagemål mot Abimelek på grunn av ein brønn som tenarane til Abimelek hadde teke.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 21