Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 21:11-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Abraham tok dette svært tungt, for det gjaldt son hans.

12. Men Gud sa til Abraham: «Ikkje ta det så tungt, dette med guten og tenestekvinna. Du skal høyra på alt det Sara seier til deg. For gjennom Isak skal du få ei ætt som skal kallast di.

13. Men sonen til slavekvinna vil eg òg gjera til eit folkeslag, for han er ditt barn.»

14. Morgonen etter stod Abraham tidleg opp, tok brød og ein skinnsekk med vatn og la det på akslene til Hagar, og sende henne og barnet frå seg. Ho villa seg bort i ørkenen ved Beer-Sjeba.

15. Då vatnet i skinnsekken tok slutt, la ho barnet frå seg under ein av buskane.

16. Så gjekk ho og sette seg om lag eit bogeskot lenger borte. For ho tenkte: «Eg kan ikkje sjå på at barnet døyr.» Medan ho sat der, tok ho til å gråta høgt.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 21