Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 20:13-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Den gongen Gud lét meg dra omkring langt borte frå huset til far min, sa eg til henne: Slik skal du visa din kjærleik til meg: Kvar vi kjem, skal du seia at eg er bror din.»

14. Så tok Abimelek både småfe og storfe og tenarar og tenestekvinner og gav Abraham, og lét han få att Sara, kona si.

15. Og Abimelek sa: «Her ligg landet mitt ope framfor deg. Slå deg ned kvar du vil!»

16. Til Sara sa han: «Sjå, her gjev eg tusen sjekel sølv til bror din. Dette skal vera som eit slør for auga til alle som er saman med deg. Med det får du full oppreising.»

17. Abraham bad til Gud, og Gud lækte Abimelek og kona hans og slavekvinnene hans, så dei kunne få barn.

18. For Herren hadde stengt kvart morsliv i huset til Abimelek på grunn av Sara, kona til Abraham.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 20