Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 20:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Abraham drog vidare derifrå til Negev og slo seg ned mellom Kadesj og Sjur. Sidan budde han som innflyttar i Gerar.

2. Abraham sa om kona si, Sara: «Ho er syster mi.» Då sende Abimelek, kongen i Gerar, bod og henta Sara.

3. Men Gud kom til Abimelek i ein draum om natta og sa til han: «No skal du døy på grunn av kvinna du har teke, for ho er kona til ein annan mann.»

4. Men Abimelek hadde ikkje vore nær henne, og han svara: «Herre, vil du verkeleg drepa rettferdige folk?

5. Han sa då til meg: Ho er syster mi. Og sjølv har ho òg sagt: Han er bror min. I god tru og med reine hender har eg gjort dette.»

6. Då sa Gud til han i draumen: «Eg òg veit at du har gjort dette i god tru. Det er eg som har halde deg frå å synda mot meg. Difor lét eg deg ikkje røra henne.

7. Lat no mannen få att kona si, for han er ein profet. Han kan be for deg, så du får leva. Men gjer du det ikkje, skal du vita at du må døy, både du og alle dine.»

8. Tidleg neste morgon stod Abimelek opp og kalla til seg alle tenarane sine og fortalde dei alt dette. Då vart mennene svært redde.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 20