Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 18:14-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Er noko umogleg for Herren? Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara ha ein son.»

15. Sara nekta: «Eg lo ikkje.» For ho var redd. Men han svara: «Jau, du lo.»

16. Mennene braut opp og vende blikket mot Sodoma. Abraham gjekk med for å sjå dei vel av stad.

17. Då tenkte Herren: «Skulle eg løyna for Abraham det eg vil gjera?

18. Abraham skal då bli til eit stort og mektig folk, og i han skal alle folkeslag på jorda velsignast.

19. Eg har valt han ut for at han skal by sønene og etterkomarane sine å halda seg til Herrens veg og gjera det som er rett og rettferdig. Då kan Herren gje Abraham det han har lova han.»

20. Og Herren sa: «Høgt er klageropet over Sodoma og Gomorra, for synda der er svært stor.

21. Klageropet har nådd meg. No vil eg stiga ned og sjå om dei verkeleg har handla så ille, og har dei ikkje det, vil eg vita det.»

22. Så gjekk mennene derifrå, dei tok vegen mot Sodoma. Men Abraham vart ståande framfor Herrens andlet.

23. Abraham gjekk nærare og sa: «Vil du verkeleg riva bort dei rettferdige saman med dei urettferdige?

24. Kva om det finst femti rettferdige i byen? Vil du likevel riva dei bort? Vil du ikkje bera over med staden på grunn av dei femti rettferdige som bur der?

25. Det liknar ikkje deg å gjera noko slikt, å la rettferdige døy saman med urettferdige! Skal det gå den rettferdige på same måten som den urettferdige? Det liknar ikkje deg! Skulle ikkje dommaren over heile jorda gjera det som rett er?»

26. Då sa Herren: «Finn eg femti rettferdige i Sodoma, skal eg bera over med heile staden for deira skuld.»

27. Til det svara Abraham: «Sjå, eg har våga meg til å tala til Herren, eg som er støv og oske.

28. Kva om det manglar fem på dei femti rettferdige? Vil du øydeleggja heile byen på grunn av desse fem?» Han svara: «Dersom eg finn førtifem, skal eg ikkje øydeleggja han.»

29. Abraham heldt fram med å tala til han. «Kva om det finst førti der?» sa han. Han svara: «For skuld dei førti skal eg ikkje gjera det.»

30. Då sa Abraham: «Herren må ikkje bli harm om eg talar! Kva om det finst tretti der?» Han svara: «Dersom eg finn tretti, skal eg ikkje gjera det.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 18