Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 17:7-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Eg vil oppretta mi pakt mellom meg og deg og etterkomarane dine frå slekt til slekt, ei evig pakt: Eg vil vera Gud for deg og etterkomarane dine.

8. Landet du bur i som innflyttar, heile Kanaan, vil eg gje deg og etterkomarane dine i eige til evig tid. Og eg vil vera deira Gud.»

9. Så sa Gud til Abraham: «Du skal halda pakta mi, både du og etterkomarane dine, frå slekt til slekt.

10. Dette er pakta de skal halda, pakta mellom meg og dykk og etterkomarane dine: Alt av hannkjønn hos dykk skal omskjerast.

11. De skal la forhuda bli omskoren, og det skal vera teiknet på pakta mellom meg og dykk.

12. Kvart gutebarn hos dykk skal omskjerast når det er åtte dagar gammalt, i slekt etter slekt, både dei som er fødde i huset, og dei som er kjøpte for pengar hos framande, slike som ikkje er av di ætt.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 17