Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 17:23-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Same dagen tok Abraham Ismael, son sin, og alle av hannkjønn i huset sitt, både dei som var fødde i huset, og dei som var kjøpte for pengar, og skar av forhuda på dei, slik som Gud hadde sagt til han.

24. Abraham var 99 år gammal då forhuda hans vart omskoren.

25. Og Ismael, son hans, var 13 år gammal då han vart omskoren.

26. Same dagen vart dei omskorne, både Abraham og Ismael, son hans.

27. Og alle mennene i huset hans, både dei som var fødde i huset, og dei som var kjøpte hos framande, vart omskorne saman med han.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 17