Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 17:11-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. De skal la forhuda bli omskoren, og det skal vera teiknet på pakta mellom meg og dykk.

12. Kvart gutebarn hos dykk skal omskjerast når det er åtte dagar gammalt, i slekt etter slekt, både dei som er fødde i huset, og dei som er kjøpte for pengar hos framande, slike som ikkje er av di ætt.

13. Både dei som er fødde i huset, og dei du har kjøpt for pengar, skal omskjerast. Såleis skal pakta mi vera ei evig pakt på kroppen dykkar.

14. Men ein uomskoren, ein av hannkjønn som ikkje har fått forhuda omskoren, ein slik skal støytast ut frå folket sitt, for han har brote mi pakt.»

15. Og Gud sa til Abraham: «Sarai, kona di, skal du ikkje lenger kalla Sarai. Sara skal ho heita.

16. Eg vil velsigna henne og gje deg ein son også med henne. Eg vil velsigna henne, og ho skal bli til folkeslag. Kongar over mange folk skal koma frå henne.»

17. Då kasta Abraham seg til jorda og lo. Han sa til seg sjølv: «Kan ein som er hundre år gammal, få barn? Og kan Sara føda, ho som er nitti år gammal?»

18. Og Abraham sa til Gud: «Måtte Ismael få leva for ditt andlet!»

19. Då sa Gud: «Sanneleg, Sara, kona di, skal føda deg ein son, og du skal kalla han Isak. Eg vil oppretta mi pakt med han, ei evig pakt for etterkomarane hans.

20. Eg har høyrt di bøn for Ismael. Sjå, eg vil velsigna han og gjera han fruktbar og overmåte talrik. Tolv hovdingar skal han bli far til, og eg vil gjera han til eit stort folkeslag.

21. Men pakta mi vil eg oppretta med Isak, som Sara skal føda deg neste år på denne tida.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 17