Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 16:3-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Kona til Abram, Sarai, tok då den egyptiske slavekvinna si, Hagar, og gav henne til kone for Abram, mannen sin. Abram hadde då budd ti år i landet Kanaan.

4. Han gjekk inn til Hagar, og ho vart med barn. Men då ho oppdaga at ho var med barn, såg ho ned på husfrua si.

5. Då sa Sarai til Abram: «Det er di skuld at eg blir krenkt! Eg gav slavekvinna mi i din famn, men då ho oppdaga at ho var med barn, såg ho ned på meg. Herren skal dømma mellom meg og deg!»

6. Abram sa til Sarai: «Sjå, slavekvinna er i di hand. Gjer kva du vil med henne.» Og Sarai audmjuka henne, så ho rømde frå henne.

7. Herrens engel fann henne ved ei vasskjelde i ørkenen, ved kjelda på vegen til Sjur.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 16