Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 16:11-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Så sa Herrens engel til henne:«Sjå, du er med barnog skal føda ein son.Han skal du kalla Ismael,for Herren har høyrt at du vart audmjuka.

12. Han skal bli eit villesel av eit menneske.Handa hans skal vera vend mot alleog alle hender mot han.Rett imot alle slektningane sineskal han slå seg ned.»

13. Då sette ho dette namnet på Herren som hadde tala til henne: «Du er ein gud som ser meg.» For ho sa: «Har eg her verkeleg sett han som ser meg?»

14. Difor blir brønnen kalla Lahai-Ro'i-brønnen. Han ligg mellom Kadesj og Bered.

15. Så fødde Hagar ein son til Abram. Og Abram gav sonen som Hagar fødde, namnet Ismael.

16. Abram var 86 år gammal då Hagar fødde Ismael til han.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 16