Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 15:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Etter at dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn: «Ver ikkje redd, Abram! Eg er ditt skjold. Løna di skal bli stor!»

2. Men Abram svara: «Herre, min Gud, kva vil du gje meg? For barnlaus går eg bort, og Elieser frå Damaskus er arving til huset mitt.»

3. Og Abram sa: «Du har ikkje gjeve meg etterkomarar. Sjå, ein av husfolket mitt skal arva meg.»

4. Då kom Herrens ord til han: «Han skal ikkje arva deg, men ein av ditt eige kjøt og blod skal arva deg.»

5. Så førte han Abram ut og sa til han: «Sjå opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan telja dei!» Og han sa: «Så talrik skal ætta di bli.»

6. Abram trudde Herren, og det vart rekna han til rettferd.

7. Og han sa til han: «Eg er Herren, som førte deg ut frå Ur i Kaldea for å gje deg dette landet i arv.»

8. Abram sa: «Herre, min Gud, korleis kan eg vita at eg skal få det i arv?»

9. Då svara han: «Hent meg ei treårs kvige, ei treårs geit og ein treårs vêr, ei turteldue og ein dueunge.»

10. Abram henta alt dette til han, skar dyra i to og la delane rett mot kvarandre. Men fuglane skar han ikkje i to.

11. Rovfuglar slo ned på skrottane, men Abram dreiv dei bort.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 15