Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 13:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så drog Abram opp frå Egypt til Negev med kona si og alt det han eigde. Og Lot var med han.

2. Abram var svært rik på buskap og på sølv og gull.

3. Han drog frå stad til stad, frå Negev og heilt til Betel, til den staden der han før hadde hatt teltet sitt, mellom Betel og Ai,

4. til staden der han hadde reist eit altar første gongen. Der kalla Abram på Herrens namn.

5. Også Lot, som drog saman med Abram, hadde småfe og storfe og telt.

6. Men landet kunne ikkje fø dei når dei budde saman. For dei eigde så mykje at dei ikkje kunne bu saman.

7. Så vart det strid mellom dei som gjette buskapen til Abram, og dei som gjette buskapen til Lot. Den gongen budde kanaanearane og perisittane i landet.

8. Då sa Abram til Lot: «Det kan då ikkje vera strid mellom meg og deg og mellom mine gjetarar og dine! Vi er då slektningar.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 13