Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 12:4-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Så tok Abram ut, som Herren hadde sagt han, og Lot drog med han. Abram var 75 år gammal då han braut opp frå Harran.

5. Og Abram tok med seg Sarai, kona si, og Lot, brorson sin, og alle eigedelane dei hadde samla seg, og folka dei hadde skaffa seg i Harran. Dei braut opp for å dra til landet Kanaan.Då dei kom til Kanaan,

6. drog Abram gjennom landet heilt til den heilage staden Sikem, til More-eika. Den gongen budde kanaanearane i landet.

7. Herren synte seg for Abram og sa: «Eg vil gje dette landet til di ætt.» Og der bygde Abram eit altar for Herren, som hadde synt seg for han.

8. Derifrå flytte han opp i fjellandet aust for Betel og slo opp teltet sitt mellom Betel i vest og Ai i aust. Der bygde han eit altar for Herren og kalla på Herrens namn.

9. Sidan braut Abram opp og drog frå stad til stad mot Negev.

10. Det var hungersnaud i landet. Då drog Abram ned til Egypt for å bu der som innflyttar, for nauda var stor i landet.

11. Då han nærma seg Egypt, sa han til kona si, Sarai: «Høyr på meg: Eg veit at du er ei vakker kvinne.

12. Når egyptarane får sjå deg, kjem dei til å seia: Dette er kona hans. Så slår dei meg i hel og lèt deg leva.

13. Kan du ikkje seia at du er syster mi? Så går det meg godt for di skuld, og eg får leva takka vere deg!»

14. Då Abram kom til Egypt, såg egyptarane at kvinna var overlag vakker.

15. Og stormennene til farao fekk sjå henne og lét vel om henne for han. Så vart kvinna henta til faraos hus.

16. Og farao gjorde godt mot Abram for hennar skuld. Han fekk småfe, storfe og esel, slavar og slavekvinner, eselhopper og kamelar.

17. Men Herren lét svære plager råka farao og huset hans på grunn av Sarai, kona til Abram.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 12