Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 12:10-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Det var hungersnaud i landet. Då drog Abram ned til Egypt for å bu der som innflyttar, for nauda var stor i landet.

11. Då han nærma seg Egypt, sa han til kona si, Sarai: «Høyr på meg: Eg veit at du er ei vakker kvinne.

12. Når egyptarane får sjå deg, kjem dei til å seia: Dette er kona hans. Så slår dei meg i hel og lèt deg leva.

13. Kan du ikkje seia at du er syster mi? Så går det meg godt for di skuld, og eg får leva takka vere deg!»

14. Då Abram kom til Egypt, såg egyptarane at kvinna var overlag vakker.

15. Og stormennene til farao fekk sjå henne og lét vel om henne for han. Så vart kvinna henta til faraos hus.

16. Og farao gjorde godt mot Abram for hennar skuld. Han fekk småfe, storfe og esel, slavar og slavekvinner, eselhopper og kamelar.

17. Men Herren lét svære plager råka farao og huset hans på grunn av Sarai, kona til Abram.

18. Då kalla farao Abram til seg og sa: «Kva er det du har gjort mot meg? Kvifor fortalde du meg ikkje at ho er kona di?

19. Kvifor sa du at ho er syster di, så eg tok henne til kone? Sjå, her har du kona di! Ta henne og gå!»

20. Farao sette nokre menn til å senda han bort saman med kona hans og alt han eigde.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 12