Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 11:7-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Kom, lat oss stiga ned og forvirra språket deira så den eine ikkje skjønar den andre!»

8. Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen.

9. Difor kalla dei han Babel, for der forvirra Herren språket for heile jorda. Og derifrå spreidde Herren dei ut over heile jorda.

10. Dette er slektshistoria til Sem. Då Sem var 100 år, fekk han sonen Arpaksjad, to år etter storflaumen.

11. Og etter at han hadde fått Arpaksjad, levde Sem endå 500 år og fekk søner og døtrer.

12. Då Arpaksjad var 35 år, fekk han sonen Sjelah.

13. Og etter at han hadde fått Sjelah, levde Arpaksjad endå 403 år og fekk søner og døtrer.

14. Då Sjelah var 30 år, fekk han sonen Eber.

15. Og etter at han hadde fått Eber, levde Sjelah endå 403 år og fekk søner og døtrer.

16. Då Eber var 34 år, fekk han sonen Peleg.

17. Og etter at han hadde fått Peleg, levde Eber endå 430 år og fekk søner og døtrer.

18. Då Peleg var 30 år, fekk han sonen Re'u.

19. Og etter at han hadde fått Re'u, levde Peleg endå 209 år og fekk søner og døtrer.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 11