Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 11:3-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Dei sa til kvarandre: «Kom, så lagar vi teglstein og brenner dei harde!» Dei brukte tegl til byggjestein og jordbek til å fuga med.

4. «Kom», sa dei, «lat oss byggja ein by og eit tårn som når opp til himmelen, og skaffa oss eit namn så vi ikkje blir spreidde ut over heile jorda!»

5. Då steig Herren ned for å sjå på byen og tårnet som menneska bygde.

6. Herren sa: «Sjå, dei er eitt folk, og eitt språk har dei alle. Og dette er det første dei gjer! No vil ingen ting vera umogleg for dei, same kva dei set seg føre.

7. Kom, lat oss stiga ned og forvirra språket deira så den eine ikkje skjønar den andre!»

8. Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen.

9. Difor kalla dei han Babel, for der forvirra Herren språket for heile jorda. Og derifrå spreidde Herren dei ut over heile jorda.

10. Dette er slektshistoria til Sem. Då Sem var 100 år, fekk han sonen Arpaksjad, to år etter storflaumen.

11. Og etter at han hadde fått Arpaksjad, levde Sem endå 500 år og fekk søner og døtrer.

12. Då Arpaksjad var 35 år, fekk han sonen Sjelah.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 11