Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 10:19-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Landområdet til kanaanearane strekte seg frå Sidon til Gaza, når ein tek leia bort imot Gerar, og til Lesja, når ein tek leia bort imot Sodoma, Gomorra, Adma og Sebojim.

20. Dette var Hams etterkomarar, slekt for slekt og språk for språk, land etter land og folkeslag etter folkeslag.

21. Sem, eldste bror til Jafet, fekk òg born. Han vart stamfar til alle Eber-sønene.

22. Sønene til Sem var Elam, Assur, Arpaksjad, Lud og Aram.

23. Sønene til Aram var Us, Hul, Geter og Masj.

24. Arpaksjad vart far til Sjelah, og Sjelah vart far til Eber.

25. Eber fekk to søner. Den eine heitte Peleg, for i hans dagar vart jorda delt opp. Bror hans heitte Joktan.

26. Joktan vart far til Almodad, Sjelef, Hasarmavet, Jerah,

27. Hadoram, Usal, Dikla,

28. Obal, Abimael, Saba,

29. Ofir, Havila og Jobab. Alle desse var sønene til Joktan.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 10