Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 10:17-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. hevittane, arkittane, sinittane,

18. arvadittane, semarittane og hamatittane. Sidan spreidde kanaanearslektene seg vidare utover.

19. Landområdet til kanaanearane strekte seg frå Sidon til Gaza, når ein tek leia bort imot Gerar, og til Lesja, når ein tek leia bort imot Sodoma, Gomorra, Adma og Sebojim.

20. Dette var Hams etterkomarar, slekt for slekt og språk for språk, land etter land og folkeslag etter folkeslag.

21. Sem, eldste bror til Jafet, fekk òg born. Han vart stamfar til alle Eber-sønene.

22. Sønene til Sem var Elam, Assur, Arpaksjad, Lud og Aram.

23. Sønene til Aram var Us, Hul, Geter og Masj.

24. Arpaksjad vart far til Sjelah, og Sjelah vart far til Eber.

25. Eber fekk to søner. Den eine heitte Peleg, for i hans dagar vart jorda delt opp. Bror hans heitte Joktan.

26. Joktan vart far til Almodad, Sjelef, Hasarmavet, Jerah,

27. Hadoram, Usal, Dikla,

28. Obal, Abimael, Saba,

29. Ofir, Havila og Jobab. Alle desse var sønene til Joktan.

30. Dei hadde bustadene sine frå Mesja bort imot Sefar, i fjella mot aust.

31. Dette var Sems etterkomarar, slekt for slekt og språk for språk, land etter land, folkeslag for folkeslag.

32. Og dette var slektene etter sønene til Noah, slektshistorie for slektshistorie, folkeslag etter folkeslag. Frå dei har folkeslaga breidd seg ut over jorda etter storflaumen.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 10