Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 10:12-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. og Resen mellom Ninive og Kalah, det er den store byen.

13. Misrajim vart far til ludarane, anamarane, lehabarane, naftuharane,

14. patrusarane og kasluharane, dei som filistrane har kome frå, og kaftorarane.

15. Kanaan vart far til Sidon, den førstefødde, og til Het,

16. og dessutan til jebusittane, amorittane og girgasjittane,

17. hevittane, arkittane, sinittane,

18. arvadittane, semarittane og hamatittane. Sidan spreidde kanaanearslektene seg vidare utover.

19. Landområdet til kanaanearane strekte seg frå Sidon til Gaza, når ein tek leia bort imot Gerar, og til Lesja, når ein tek leia bort imot Sodoma, Gomorra, Adma og Sebojim.

20. Dette var Hams etterkomarar, slekt for slekt og språk for språk, land etter land og folkeslag etter folkeslag.

21. Sem, eldste bror til Jafet, fekk òg born. Han vart stamfar til alle Eber-sønene.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 10