Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 1:17-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Gud sette dei på himmelkvelven til å lysa over jorda,

18. til å herska over dagen og over natta og til å skilja lyset frå mørkret. Og Gud såg at det var godt.

19. Og det vart kveld, og det vart morgon, fjerde dagen.

20. Gud sa: «Det skal kry av liv i vatnet! Fuglar skal flyga over jorda, oppunder himmelkvelven.»

21. Og Gud skapte dei store sjødyra og kvar levande skapning av alle dei slag som vatnet yrer og kryr av, og alle slag fuglar med venger. Og Gud såg at det var godt.

22. Gud velsigna dei og sa: «Ver fruktbare og bli mange og fyll vatnet i havet! Og fuglane skal bli mange på jorda.»

23. Og det vart kveld, og det vart morgon, femte dagen.

24. Gud sa: «Jorda skal bera fram levande skapningar av alle slag: fe, kryp og villdyr av alle slag!» Og slik vart det.

25. Gud laga alle slag ville dyr og alle slag fe og krypet på marka av alle slag. Og Gud såg at det var godt.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 1