Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 7:19-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Sønene til Sjemida var Ahjan, Sikem, Likhi og Aniam.

20. Etterkomarane av Efraim var: Sjutelah, hans son Bered, hans son Tahat, hans son Elada, hans son Taham,

21. hans son Sabad og hans son Sjutelah, dessutan Eser og Elad. Dei vart drepne av nokre menn frå Gat som var fødde der i landet, fordi dei hadde fare ned for å røva buskapen deira.

22. Efraim, far deira, sørgde i lang tid, og brørne hans kom og ville trøysta han.

23. Sidan gjekk han inn til kona si, og ho vart med barn. Ho fødde ein son og gav han namnet Beria, fordi ei ulukke hadde ramma deira hus.

24. Dotter hans heitte Sjeera. Ho bygde Nedre og Øvre Bet-Horon og Ussen-Sjeera.

25. Hans son var Refah, hans son Resjef, hans son Telah, hans son Tahan,

26. hans son Ladan, hans son Ammihud, hans son Elisjama,

27. hans son Nun og hans son Josva.

28. Deira eigedomar og bustader var Betel med landsbyane som høyrde til, mot aust Naaran og mot vest Geser med landsbyar og Sikem med landsbyar, heilt til Ajja med landsbyane som høyrde til.

29. Etterkomarane av Manasse rådde i Bet-Sjean og landsbyane som høyrde til, i Taanak med landsbyar, Megiddo med landsbyar og Dor med landsbyar. I desse byane budde etterkomarane av Josef, son til Israel.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 7