Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 7:10-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Jediael hadde sonen Bilhan, og sønene til Bilhan var Je'usj, Benjamin, Ehud, Kenaana, Setan, Tarsis og Ahisjahar.

11. Alle desse var etterkomarane av Jediael, leiarar for familiar og djerve krigarar, 17 200 stridsføre menn.

12. Sjuppim og Huppim var sønene til Ir, og Husjim var son til Aher.

13. Sønene til Naftali var Jahsiel, Guni, Jeser og Sjallum. Dei var etterkomarar av Bilha.

14. Son til Manasse var Asriel, som han fekk med den arameiske følgjekona si. Ho fødde òg Makir, far til Gilead.

15. Makir tok koner til Huppim og Sjuppim. Syster hans heitte Maaka. Den andre heitte Selofhad, og Selofhad hadde berre døtrer.

16. Maaka, kona til Makir, fødde ein son og kalla han Peres. Bror hans heitte Sjeresj, og sønene hans var Ulam og Rekem.

17. Son til Ulam var Bedan. Dette var sønene til Gilead, son til Makir, som var son til Manasse.

18. Syster hans, Hammoleket, fødde Isjhod, Abieser og Mahla.

19. Sønene til Sjemida var Ahjan, Sikem, Likhi og Aniam.

20. Etterkomarane av Efraim var: Sjutelah, hans son Bered, hans son Tahat, hans son Elada, hans son Taham,

21. hans son Sabad og hans son Sjutelah, dessutan Eser og Elad. Dei vart drepne av nokre menn frå Gat som var fødde der i landet, fordi dei hadde fare ned for å røva buskapen deira.

22. Efraim, far deira, sørgde i lang tid, og brørne hans kom og ville trøysta han.

23. Sidan gjekk han inn til kona si, og ho vart med barn. Ho fødde ein son og gav han namnet Beria, fordi ei ulukke hadde ramma deira hus.

24. Dotter hans heitte Sjeera. Ho bygde Nedre og Øvre Bet-Horon og Ussen-Sjeera.

25. Hans son var Refah, hans son Resjef, hans son Telah, hans son Tahan,

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 7