Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 6:64-75 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

64. Desse byane og beitemarkene som høyrde til, gav israelittane til levittane.

65. Ved loddkasting fekk dei desse byane som er nemnde her, frå Juda-stammen, Simon-stammen og Benjamin-stammen.

66. Dei andre av Kehats etterkomarar fekk desse byane av Efraim-stammen:

67. fribyane Sikem i Efraim-fjella med beitemarker og Geser med beitemarker,

68. Jokmeam med beitemarker og Bet-Horon med beitemarker,

69. Ajjalon med beitemarker og Gat-Rimmon med beitemarker,

70. og av den eine halvparten av Manasse-stammen Aner med beitemarker og Bileam med beitemarker. Dette fekk dei andre Kehat-sønene, slekt for slekt.

71. Gersjom-sønene, slekt for slekt, fekk av den andre halvparten av Manasse-stammen Golan i Basan med beitemarker og Asjtarot med beitemarker;

72. av Jissakar-stammen Kedesj med beitemarker og Daberat med beitemarker,

73. Ramot med beitemarker og Anem med beitemarker;

74. av Asjer-stammen Masjal med beitemarker og Abdon med beitemarker,

75. Hukok med beitemarker og Rehob med beitemarker;

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 6