Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 6:52-62 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

52. hans son Merajot, hans son Amarja, hans son Ahitub,

53. hans son Sadok og hans son Ahimaas.

54. Dette er bustadene til levittane, teltleirane som dei hadde innanfor landområdet sitt: Først vart det kasta lodd for Aron-sønene av Kehat-slekta,

55. og dei fekk Hebron i Juda med beitemarkene rundt ikring.

56. Men åkerlandet og landsbyane som høyrde byen til, fekk Kaleb, son til Jefunne.

57. Aronittane fekk fribyane Hebron og Libna med beitemarker, Jattir og Esjtemoa med beitemarker,

58. Hilen med beitemarker og Debir med beitemarker,

59. Asjan med beitemarker og Bet-Sjemesj med beitemarker,

60. og frå Benjamin-stammen Geba med beitemarker, Alemet med beitemarker og Anatot med beitemarker. I alt hadde dei tretten byar for slektene sine.

61. Dei andre Kehat-sønene, ætt for ætt, fekk ved loddkasting ti byar frå halve Manasse-stammen.

62. Gersjom-sønene, slekt for slekt, fekk tretten byar frå Jissakar-stammen, Asjer-stammen, Naftali-stammen og Manasse-stammen i Basan.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 6