Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 6:49-60 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

49. Aron og sønene hans bar fram offer på brennofferaltaret og på røykjelsesaltaret. Dei skulle gjera all teneste i Det høgheilage og gjera soning for Israel, heilt og fullt så som Moses, Guds tenar, hadde sagt.

50. Dette var etterkomarane av Aron: Elasar, hans son Pinhas, hans son Abisjua,

51. hans son Bukki, hans son Ussi, hans son Serahja,

52. hans son Merajot, hans son Amarja, hans son Ahitub,

53. hans son Sadok og hans son Ahimaas.

54. Dette er bustadene til levittane, teltleirane som dei hadde innanfor landområdet sitt: Først vart det kasta lodd for Aron-sønene av Kehat-slekta,

55. og dei fekk Hebron i Juda med beitemarkene rundt ikring.

56. Men åkerlandet og landsbyane som høyrde byen til, fekk Kaleb, son til Jefunne.

57. Aronittane fekk fribyane Hebron og Libna med beitemarker, Jattir og Esjtemoa med beitemarker,

58. Hilen med beitemarker og Debir med beitemarker,

59. Asjan med beitemarker og Bet-Sjemesj med beitemarker,

60. og frå Benjamin-stammen Geba med beitemarker, Alemet med beitemarker og Anatot med beitemarker. I alt hadde dei tretten byar for slektene sine.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 6