Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 5:4-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Son til Joel var Sjemaja, hans son var Gog og hans son Sjimi.

5. Hans son var Mika, hans son Reaja og hans son Baal.

6. Hans son var Beera, som Tiglat-Pileser, kongen av Assur, førte i eksil. Han var leiar for Ruben-stammen.

7. Brørne hans, slekt for slekt, som dei stod oppskrivne i slektsregistra, var Je'iel, hovdingen, Sakarja

8. og Bela, son til Asas, som var son til Sjema, Joels son.Dei budde i Aroer og heilt bort til Nebo og Baal-Meon.

9. Austover busette dei seg heilt til den ørkenen som strekkjer seg frå elva Eufrat. For buskapen deira hadde auka sterkt i Gilead.

10. I Sauls dagar førte dei krig med hagrittane og la dei under seg. Dei busette seg i telta deira langsmed heile austsida av Gilead.

11. Gads stamme budde midt imot dei i Basan-landet, heilt til Salka.

12. Joel var den fremste mellom dei, etter han kom Sjafam, så Janai, dommaren i Basan,

13. og brørne deira, familie for familie: Mikael, Mesjullam, Sjeba, Jorai, Jakan, Sia og Eber, sju i alt.

14. Desse var sønene til Abihajil, son til Huri, son til Jaroah, son til Gilead, son til Mikael, son til Jesjisjai, son til Jahdo, som var son til Bus.

15. Ahi, son til Abdiel, Guni sin son, var leiar for familiane deira.

16. Dei budde i Gilead og Basan og i småbyane der ikring, og på alle beitemarkene i Saron, så langt dei rekk.

17. Dei vart alle oppskrivne i slektsregister i dei dagane då Jotam var konge i Juda og Jeroboam var konge i Israel.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 5