Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 5:22-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Det var mange drepne og falne, for denne krigen var frå Gud. Sidan budde dei der i staden for hagrittane heilt til eksilet.

23. Den eine halvparten av Manasse-stammen budde i landet frå Basan og til Baal-Hermon, Senir og Hermon-fjellet. Og dei vart talrike.

24. Dette var leiarane for familiane deira: Efer, Jisji, Eliel, Asriel, Jeremia, Hodavja og Jahdiel. Dei var modige krigarar og namngjetne menn, leiarar for familiane sine.

25. Men dei var trulause mot sine fedrars Gud. Dei hora med dei gudane som folka der i landet dyrka, dei som Gud hadde rydda ut for dei.

26. Då eggja Israels Gud Tiglat-Pileser mot dei, kongen av Assur, han som dei òg kalla Pul. Han førte dei i eksil, både rubenittane, gadittane og halve Manasse-stammen. Han tok dei til Halah, Habor, Hara og Gosan-elva, og der har dei vore til denne dag.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 5