Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 5:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sønene til Ruben, Israels førstefødde son. – Han var den førstefødde, men fordi han vanæra leiet til far sin, vart førstefødselsretten gjeven vidare til etterkomarane av Josef, son til Israel. Og Ruben vart ikkje oppskriven som den førstefødde i slektsregisteret.

2. Juda vart den mektigaste mellom brørne, og frå han skulle fyrsten koma. Men Josef hadde førstefødselsretten. –

3. Sønene til Ruben, eldste son til Israel, var Henok, Pallu, Hesron og Karmi.

4. Son til Joel var Sjemaja, hans son var Gog og hans son Sjimi.

5. Hans son var Mika, hans son Reaja og hans son Baal.

6. Hans son var Beera, som Tiglat-Pileser, kongen av Assur, førte i eksil. Han var leiar for Ruben-stammen.

7. Brørne hans, slekt for slekt, som dei stod oppskrivne i slektsregistra, var Je'iel, hovdingen, Sakarja

8. og Bela, son til Asas, som var son til Sjema, Joels son.Dei budde i Aroer og heilt bort til Nebo og Baal-Meon.

9. Austover busette dei seg heilt til den ørkenen som strekkjer seg frå elva Eufrat. For buskapen deira hadde auka sterkt i Gilead.

10. I Sauls dagar førte dei krig med hagrittane og la dei under seg. Dei busette seg i telta deira langsmed heile austsida av Gilead.

11. Gads stamme budde midt imot dei i Basan-landet, heilt til Salka.

12. Joel var den fremste mellom dei, etter han kom Sjafam, så Janai, dommaren i Basan,

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 5