Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 4:4-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Penuel, far til Gedor, og Eser, far til Husja. Dei var sønene til Hur, som var den førstefødde til Efrat og far til Betlehem.

5. Asjhur, far til Tekoa, hadde to koner, Hela og Naara.

6. Naara fødde Ahussam, Hefer, Temeni og Ahasjtari til han. Dette var sønene til Naara.

7. Sønene til Hela var Seret, Jishar, Etnan og Kos.

8. Kos fekk sønene Anub og Hassobeba, og han vart stamfar til slektene etter Aharhel, son til Harum.

9. Jabes var meir vørd enn brørne sine. Mor hans gav han namnet Jabes. «For eg har fødd han med smerte», sa ho.

10. Jabes kalla på Israels Gud og sa: «Å, om du ville velsigna meg, auka landområdet mitt og støtta meg med di hand, fria meg frå ulukke og spara meg for liding!» Og Gud lét det gå som han bad.

11. Kelub, bror til Sjuha, fekk sonen Mehir, han som vart far til Esjton.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 4