Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 4:36-43 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

36. Eljoenai, Jaakoba, Jesjohaja, Asaja, Adiel, Jesimiel og Benaja,

37. og Sisa, son til Sjifi, som var son til Allon, son til Jedaja, som var son til Sjimri, som var son til Sjemaja

38. – alle desse som her er nemnde med namn, var leiarar i slektene sine, og familiane deira breidde seg vidt.

39. Dei drog av stad bortover mot Gedor, til austsida av dalen, og ville leita etter beite til småfeet sitt.

40. Og dei fann eit beite som var rikt og godt. Landet var vidstrekt, det var stilt og fredfylt. Dei som budde der før, høyrde Ham-ætta til.

41. På den tid Hiskia var konge i Juda, kom dei som her er oppskrivne med namn, og gjekk til åtak på telta og bustadene deira der. Dei slo dei med bann og utrydda dei. Slik har det vore heilt til denne dag. Så busette dei seg der i staden for dei, for der var det beite for sauene deira.

42. Nokre av desse Simon-sønene drog til Se'ir-fjella. Det var fem hundre mann under leiing av Pelatja, Nearja, Refaja og Ussiel, sønene til Jisji.

43. Dei slo i hel resten av dei amalekittane som hadde sloppe unna. Så busette dei seg der og har budd der til denne dag.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 4