Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 4:12-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Og Esjton fekk sønene Bet-Rafa, Paseah og Tehinna, han som vart far til Ir-Nahasj. Dette var mennene frå Reka.

13. Kenas hadde sønene Otniel og Seraja, og son til Otniel var Hatat.

14. Meonotai fekk sonen Ofra, og Seraja fekk sonen Joab, som vart stamfar til slekta i Handverkardalen. Dei var handverkarar.

15. Kaleb, son til Jefunne, hadde sønene Ir, Ela og Naam, og son til Ela var Kenas.

16. Sønene til Jehallelel var Sif, Sifa, Tirja og Asarel.

17. Sønene til Esra var Jeter, Mered, Efer og Jalon. Jeter vart far til Mirjam, Sjammai og Jisjbah, far til Esjtemoa.

18. Kona hans frå Juda fødde Jered, som vart far til Gedor, Heber, far til Soko, og Jekutiel, far til Sanoah. Dette er sønene til Bitja, dotter til farao, som Mered hadde gift seg med.

19. Kona til Hodia, som var syster til Naham, hadde desse sønene: far til Ke'ila frå Garem og Esjtemoa frå Maaka.

20. Sønene til Sjimon var Amnon, Rinna, Ben-Hanan og Tolon. Sønene til Jisji var Sohet og Ben-Sohet.

21. Etterkomarane av Sjela, son til Juda, var Er, far til Leka, Lada, far til Maresja, og dei slektene som høyrde til linvevar-lauget i Bet-Asjbea,

22. Jokim og mennene i Koseba, Joasj og Saraf, som hadde styrt i Moab, men var komne heim att til Lehem – etter gamle overleveringar.

23. Dei var pottemakarar, desse folka, og budde i Neta'im og Gedera. Der heldt dei til hos kongen og var i teneste hos han.

24. Sønene til Simon var Nemuel, Jamin, Jarib, Serah og Saul.

25. Son til Saul var Sjallum, son hans var Mibsam, og son hans Misjma.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 4