Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 4:12-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Og Esjton fekk sønene Bet-Rafa, Paseah og Tehinna, han som vart far til Ir-Nahasj. Dette var mennene frå Reka.

13. Kenas hadde sønene Otniel og Seraja, og son til Otniel var Hatat.

14. Meonotai fekk sonen Ofra, og Seraja fekk sonen Joab, som vart stamfar til slekta i Handverkardalen. Dei var handverkarar.

15. Kaleb, son til Jefunne, hadde sønene Ir, Ela og Naam, og son til Ela var Kenas.

16. Sønene til Jehallelel var Sif, Sifa, Tirja og Asarel.

17. Sønene til Esra var Jeter, Mered, Efer og Jalon. Jeter vart far til Mirjam, Sjammai og Jisjbah, far til Esjtemoa.

18. Kona hans frå Juda fødde Jered, som vart far til Gedor, Heber, far til Soko, og Jekutiel, far til Sanoah. Dette er sønene til Bitja, dotter til farao, som Mered hadde gift seg med.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 4