Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 29:6-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Då kom dei villig med gåver, både leiarane for familiane og for Israels stammar, tusenmannsførarane og hundremannsførarane og leiarane for kongens arbeid.

7. 5000 talentar og 10 000 dareikar gull, 10 000 talentar sølv, 18 000 talentar bronse og 100 000 talentar jern gav dei til arbeidet på Guds hus.

8. Og dei som eigde kostbare steinar, gav dei til skattkammeret i Herrens hus, som gersjonitten Jehiel hadde ansvaret for.

9. Folket gledde seg over at dei gav så villig. For av eit heilt hjarte kom dei til Herren med dei frivillige gåvene sine. Også kong David gledde seg stort.

10. Framfor heile forsamlinga velsigna David Herren og sa:Velsigna er du, Herre, vår far Israels Gud, frå æve til æve!

11. Deg, Herre, høyrer stordom til og makt,herlegdom, ære og majestet,alt som er i himmelen og på jorda.Ditt er riket, Herre,og du er opphøgd som overhovud over alt.

12. Rikdom og ære kjem frå deg,og du rår over alle ting.I di hand er kraft og styrke.Det står i di makt å gjera alt stort og sterkt.

13. Og no, vår Gud, takkar vi degog lovsyng ditt herlege namn.

14. For kven er eg, og kven er folket mitt?Skulle vi vera i stand til å gje slike frivillige gåver?Nei, alt kjem frå deg.Det vi gjev, kjem frå di hand.

15. For vi er framande framfor ditt andletog gjester som alle fedrane våre.Som ein skugge er dagane våre på jordaog utan von.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 29