Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 29:11-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Deg, Herre, høyrer stordom til og makt,herlegdom, ære og majestet,alt som er i himmelen og på jorda.Ditt er riket, Herre,og du er opphøgd som overhovud over alt.

12. Rikdom og ære kjem frå deg,og du rår over alle ting.I di hand er kraft og styrke.Det står i di makt å gjera alt stort og sterkt.

13. Og no, vår Gud, takkar vi degog lovsyng ditt herlege namn.

14. For kven er eg, og kven er folket mitt?Skulle vi vera i stand til å gje slike frivillige gåver?Nei, alt kjem frå deg.Det vi gjev, kjem frå di hand.

15. For vi er framande framfor ditt andletog gjester som alle fedrane våre.Som ein skugge er dagane våre på jordaog utan von.

16. Herre, vår Gud,all denne rikdomen som vi har samlafor å byggja eit hus for ditt heilage namn,den kjem frå di eiga hand,og alt er ditt.

17. Min Gud, eg veit at du ransakar hjartaog har glede i ærlegdom.Av ærleg hjarte og fri vilje har eg gjeve deg alt dette.Og med glede har eg no settkorleis folket ditt, som her er til stades,villig gjev deg gåvene sine.

18. Herre, Abrahams, Isaks og Israels Gud, våre fedrars Gud!Lat alltid folket ditt ha slike tankar og planar i hjartet,og vend hjartet deira til deg!

19. Gjev Salomo, son min, eit heilt hjarte,så han held dine bod, lover og forskrifter,fullfører alt som skal gjerast,og reiser tempelborga som eg har førebudd.

20. Sidan sa David til heile forsamlinga: «Velsign Herren dykkar Gud!» Og heile forsamlinga velsigna Herren, sine fedrars Gud. Dei fall ned og bøygde seg for Herren og kongen.

21. Neste dag bar dei fram slaktoffer og brennoffer for Herren: tusen oksar, tusen vêrar og tusen lam, med dei drikkoffera som høyrer til, ei stor mengd med slaktoffer for heile Israel.

22. Den dagen åt og drakk dei for Herrens andlet med stor glede. For andre gong gjorde dei Salomo, son til David, til konge; dei salva han til fyrste for Herren, og Sadok salva dei til prest.

23. Salomo sette seg på Herrens trone som konge etter David, far sin. Han hadde framgang. Heile Israel lydde han.

24. Alle stormennene og heltane og alle sønene til kong David gav handslag til kong Salomo.

25. Herren gjorde Salomo stor og mektig for auga på heile Israel, og han gav han kongeleg makt som ingen konge i Israel hadde hatt før han.

26. David, son til Isai, hadde vore konge over heile Israel.

27. Han rådde over Israel i førti år. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem.

28. Han døydde i høg alder, mett av dagar og rikdom og ære. Salomo, son hans, vart konge etter han.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 29