Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 29:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Kong David sa til heile forsamlinga: «Salomo, son min, er den einaste som Gud har valt ut. Men han er ung og urøynd, og arbeidet er stort. For tempelborga skal ikkje vera for menneske, men for Herren Gud.

2. Av all mi kraft har eg gjort førebuingar til min Guds hus. Eg har skaffa gull til det som skal lagast av gull, sølv til det som skal lagast av sølv, bronse til det som skal lagast av bronse, jern til det som skal lagast av jern, og tre til det som skal lagast av tre, dessutan onyks-steinar og steinar til innfelling, skinande og fargesprakande steinar, allslags dyre steinar, og alabast i mengd.

3. I glede over min Guds hus vil eg òg gje det eg sjølv eig av gull og sølv, til min Guds hus, forutan alt det eg har samla til heilagdomen,

4. 3000 talentar gull, gull frå Ofir, og 7000 talentar reinsa sølv til å kle veggene i bygningane med.

5. Så blir det gull til alt som skal lagast av gull, og sølv til alt som skal lagast av sølv, til alt arbeidet som handverkarane skal gjera. Kven er i dag villig til å fylla hendene sine med gåver og koma til Herren?»

6. Då kom dei villig med gåver, både leiarane for familiane og for Israels stammar, tusenmannsførarane og hundremannsførarane og leiarane for kongens arbeid.

7. 5000 talentar og 10 000 dareikar gull, 10 000 talentar sølv, 18 000 talentar bronse og 100 000 talentar jern gav dei til arbeidet på Guds hus.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 29