Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 28:9-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Og du, Salomo, son min, lær din fars Gud å kjenna, og ten han heilhjarta og villig! For Herren ransakar kvart hjarte og kjenner alle tankar og planar. Søkjer du han, lèt han seg finna. Men vender du deg frå han, støyter han deg bort for alltid.

10. Innsjå no at Herren har valt deg ut til å byggja eit hus for heilagdomen. Ver sterk og gå til verket!

11. Så gav David Salomo, son sin, ei teikning av forhallen og bygningane, av skattkammera, loftsromma, dei indre kammera og rommet for soningsstaden,

12. og ei teikning av alt det han elles hadde i tankane: føregardane til Herrens hus og alle sideromma rundt om, skattkammera i Guds hus og skattkammera for alt som var vigd.

13. Vidare gav han planane for avdelingane til prestane og levittane, alt arbeidet som hadde med tenesta i Herrens hus å gjera, og teikningar for alt utstyret til tenesta i Herrens hus.

14. David gav opp vekta på gullet til alt utstyr av gull som skulle nyttast i kvar einskild gudsteneste, og vekta på sølvet til alt utstyret som skulle nyttast i kvar einskild gudsteneste;

15. vekta på gull-lysestakane og gull-lampene som høyrde til, vekta på kvar einskild stake med tilhøyrande lamper, og vekta på sølvlysestakane med lampene som høyrde til, etter det kvar stake skulle brukast til i gudstenesta;

16. vekta på gullet til skodebrødsborda, kvart bord for seg, og på sølvet til sølvborda,

17. vekta på gaflane, offerskålene og kannene av reint gull, på begera av gull og sølv, kvart beger for seg,

18. og vekta på røykjelsesaltaret, som skulle vera av reinsa gull. Han gav òg ei teikning av vogna, gullkjerubane som breier ut vengene så dei dekkjer Herrens paktkiste.

19. «Alt dette vart gjort kjent for meg i eit skrift frå Herrens hand, alle detaljane i teikninga.»

20. Så sa David til Salomo, son sin: «Ver modig og sterk, gå til verket! Ver ikkje redd og mist ikkje motet! For Herren Gud, min Gud, er med deg. Han slepper deg ikkje og går ikkje frå deg før du har fullført alt det som skal gjerast for tenesta i Herrens hus.

21. Sjå, her er avdelingane av prestar og levittar som skal gjera all tenesta i Guds hus. Du har folk hos deg som har både vilje og evne til å gjera allslags arbeid. Dessutan vil leiarane og heile folket gjera alt det du seier.»

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 28