Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 28:5-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Og av alle sønene mine – for Herren har gjeve meg mange søner – har han valt ut Salomo, son min, til å sitja på Herrens kongsstol over Israel.

6. Han sa til meg: «Det er Salomo, son din, som skal byggja huset mitt og føregardane mine. For han har eg valt ut til å vera ein son for meg, og eg skal vera ein far for han.

7. Eg vil grunnfesta kongedømet hans til evig tid, så sant han av all kraft held boda og lovene mine, som han gjer det i dag.»

8. Og no seier eg i nærvær av heile Israel, Herrens forsamling, og medan vår Gud høyrer på: Hald og gransk alle boda til Herren dykkar Gud! Då skal de få eiga dette gode landet og la det gå i arv til etterkomarane dykkar i all framtid.

9. Og du, Salomo, son min, lær din fars Gud å kjenna, og ten han heilhjarta og villig! For Herren ransakar kvart hjarte og kjenner alle tankar og planar. Søkjer du han, lèt han seg finna. Men vender du deg frå han, støyter han deg bort for alltid.

10. Innsjå no at Herren har valt deg ut til å byggja eit hus for heilagdomen. Ver sterk og gå til verket!

11. Så gav David Salomo, son sin, ei teikning av forhallen og bygningane, av skattkammera, loftsromma, dei indre kammera og rommet for soningsstaden,

12. og ei teikning av alt det han elles hadde i tankane: føregardane til Herrens hus og alle sideromma rundt om, skattkammera i Guds hus og skattkammera for alt som var vigd.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 28