Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 28:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. David kalla saman alle Israels leiarar i Jerusalem: leiarane for stammane, førarane for avdelingane som var i teneste hos kongen, tusenmannsførarane og hundremannsførarane, og forvaltarane som hadde ansvaret for eigedomane og buskapen til kongen og sønene hans, og like eins hoffmennene, heltane og alle dei djerve krigarane.

2. Då steig kong David fram og sa:Høyr på meg, brørne mine og folket mitt! Av hjartet ønskte eg å byggja eit hus til kvilestad for Herrens paktkiste, for fotskammelen til vår Gud. Eg tok til å førebu bygginga.

3. Men Gud sa til meg: «Du skal ikkje byggja eit hus for namnet mitt; for du er ein krigar som har aust ut blod.»

4. Av heile farshuset mitt har Herren, Israels Gud, valt meg til å vera konge over Israel for alle tider. Han valde Juda til fyrste, og innanfor Juda valde han farshuset mitt. Mellom sønene til far min var det meg han ønskte og gjorde til konge over heile Israel.

5. Og av alle sønene mine – for Herren har gjeve meg mange søner – har han valt ut Salomo, son min, til å sitja på Herrens kongsstol over Israel.

6. Han sa til meg: «Det er Salomo, son din, som skal byggja huset mitt og føregardane mine. For han har eg valt ut til å vera ein son for meg, og eg skal vera ein far for han.

7. Eg vil grunnfesta kongedømet hans til evig tid, så sant han av all kraft held boda og lovene mine, som han gjer det i dag.»

8. Og no seier eg i nærvær av heile Israel, Herrens forsamling, og medan vår Gud høyrer på: Hald og gransk alle boda til Herren dykkar Gud! Då skal de få eiga dette gode landet og la det gå i arv til etterkomarane dykkar i all framtid.

9. Og du, Salomo, son min, lær din fars Gud å kjenna, og ten han heilhjarta og villig! For Herren ransakar kvart hjarte og kjenner alle tankar og planar. Søkjer du han, lèt han seg finna. Men vender du deg frå han, støyter han deg bort for alltid.

10. Innsjå no at Herren har valt deg ut til å byggja eit hus for heilagdomen. Ver sterk og gå til verket!

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 28