Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 26:2-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Mesjelemja fekk søner. Sakarja var den førstefødde, Jediael den andre, Sebadja den tredje, Jatniel den fjerde,

3. Elam den femte, Johanan den sjette og Eljoenai den sjuande.

4. Obed-Edom fekk søner. Sjemaja var den førstefødde, Josabad den andre, Joah den tredje, Sakar den fjerde, Netanel den femte,

5. Ammiel den sjette, Jissakar den sjuande og Peulletai den åttande; for Gud hadde velsigna han.

6. Sjemaja, son hans, fekk òg søner, som vart dei rådande i sin familie; for dei var djerve krigarar.

7. Sønene til Sjemaja var: Otni, Refael og Obed, Elsabad og brørne hans, Elihu og Semakja, som var dugande menn.

8. Alle desse var etterkomarar av Obed-Edom. Både dei og sønene og brørne deira var dugande og sterke menn som høvde vel til tenesta. I alt hadde Obed-Edom 62 etterkomarar.

9. Mesjelemja hadde søner og brør, atten dugande menn.

10. Hosa av Merari-slekta hadde desse sønene: Sjimri var leiar; han var ikkje den førstefødde, men faren sette han likevel til leiar;

11. den andre var Hilkia, den tredje Tebalja og den fjerde Sakarja. I alt hadde Hosa tretten søner og brør.

12. Dette var avdelingane til portvaktene, nemnde etter leiarane for mennene. Dei skulle gjera vaktteneste i Herrens hus på same måten som brørne sine.

13. Dei kasta lodd om kvar port, familie for familie; alle stod likt, liten som stor.

14. Loddet for austporten fall på Sjelemja. Dei kasta òg lodd for Sakarja, son hans, som var ein klok rådgjevar, og nordporten vart hans.

15. Obed-Edom fekk sørporten, og sønene hans fekk lagerromma.

16. Sjuppim og Hosa fekk vestsida med Sjalleket-porten, der hovudvegen går oppover. Slik stod dei vakt etter vakt:

17. På austsida stod seks levittar, på nordsida stod fire kvar dag, på sørsida fire kvar dag og ved lagerromma to og to.

18. Ved føregarden mot vest stod fire attmed hovudvegen og to attmed sjølve føregarden.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 26