Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 26:10-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Hosa av Merari-slekta hadde desse sønene: Sjimri var leiar; han var ikkje den førstefødde, men faren sette han likevel til leiar;

11. den andre var Hilkia, den tredje Tebalja og den fjerde Sakarja. I alt hadde Hosa tretten søner og brør.

12. Dette var avdelingane til portvaktene, nemnde etter leiarane for mennene. Dei skulle gjera vaktteneste i Herrens hus på same måten som brørne sine.

13. Dei kasta lodd om kvar port, familie for familie; alle stod likt, liten som stor.

14. Loddet for austporten fall på Sjelemja. Dei kasta òg lodd for Sakarja, son hans, som var ein klok rådgjevar, og nordporten vart hans.

15. Obed-Edom fekk sørporten, og sønene hans fekk lagerromma.

16. Sjuppim og Hosa fekk vestsida med Sjalleket-porten, der hovudvegen går oppover. Slik stod dei vakt etter vakt:

17. På austsida stod seks levittar, på nordsida stod fire kvar dag, på sørsida fire kvar dag og ved lagerromma to og to.

18. Ved føregarden mot vest stod fire attmed hovudvegen og to attmed sjølve føregarden.

19. Dette var avdelingane til portvaktene, dei høyrde til Korah-slekta og Merari-slekta.

20. Andre levittar: Ahia hadde ansvar for skattkammera i Guds hus og for alt som var vigd til Herren.

21. Ladan-sønene, etterkomarane av gersjonittane gjennom Ladan, leiarar for familiane til gersjonitten Ladan, jehielittane:

22. Sønene til Jehiel, Setam og Joel, bror hans, hadde ansvaret for skattkammera i Herrens hus.

23. Av slektene til Amram, Jishar, Hebron og Ussiel

24. var det Sjubael, son til Gersjom, son til Moses, som var øvste tilsynsmannen over skattkammera.

25. Slektningane hans frå Elieser var Rehabja, son hans, hans son Jesaja, hans son Joram, hans son Sikri og hans son Sjelomot.

26. Denne Sjelomot og brørne hans hadde ansvaret for skattane som var helga til Herren, dei som kong David og leiarane for familiane mellom tusenmannsførarane, hundremannsførarane og dei andre hærførarane hadde helga.

27. Av krigsbyttet hadde dei helga noko for å setja Herrens hus i stand.

28. Og alt det som Samuel, sjåaren, Saul, son til Kisj, Abner, son til Ner, og Joab, son til Seruja, hadde helga, alle dei heilage gåvene hadde Sjelomot og brørne hans tilsyn med.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 26