Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 22:9-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Sjå, du skal få ein son som skal vera ein fredens mann. Eg vil la han få fred for alle fiendar rundt ikring. Salomo skal han heita, og i hans dagar vil eg gje Israel fred og ro.

10. Han skal byggja eit hus for namnet mitt. Han skal vera ein son for meg, og eg skal vera ein far for han. Eg vil tryggja kongsstolen hans i Israel til evig tid.»

11. Og no, min son, måtte Herren vera med deg! Måtte du lukkast med å byggja huset til Herren din Gud, slik som han har sagt om deg.

12. Måtte Herren gje deg forstand og innsikt når han set deg over Israel, så du held lova til Herren din Gud!

13. Då skal du lukkast, om du legg vinn på å halda dei forskriftene og boda som Herren gav Israel gjennom Moses. Ver modig og sterk! Ver ikkje redd og mist ikkje motet!

14. Sjå, med strev har eg samla til Herrens hus hundre tusen talentar gull, ein million talentar sølv, og bronse og jern i slike mengder at ingen kan vega det. Tre og stein har eg òg skaffa, og meir kan du sjølv leggja til.

15. Arbeidsfolk har du i mengder: steinhoggarar, murarar og tømrarar, dyktige folk til allslags arbeid.

16. På gull, sølv, bronse og jern finst det ikkje ende. Gå til verket! Måtte Herren vera med deg!

17. David påla alle leiarane i Israel å hjelpa Salomo, son hans:

18. «Herren dykkar Gud er med dykk og har gjeve dykk fred på alle kantar. Han har gjeve dei som budde i landet, i mine hender, og landet er lagt under Herren og folket hans.

19. Så legg no hjarte og hug i å søkja Herren dykkar Gud! Gå i gang med å byggja heilagdomen for Herren Gud. Så kan de føra Herrens paktkiste og det heilage utstyret inn i det huset som skal byggjast for Herrens namn.»

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 22